ok+ er ein blogg der eg vil freiste å omtale og rangere dei fleste filmar eg ser, samt dei fleste filmane eg har sett. Eg rangerar filmar med 1-5 stjerner, og kategoriserar så desse under ok- (1-2 stjerner), ok (3 stjerner) og ok+ (4-5 stjerner).
Les meir »

Western-remake frå Coen-brørne? Ja, takk!

(1 kommentar) Posta tysdag 27. oktober 2009

Med Matt Damon, Josh Brolin og Jeff Bridges? Hell, yeah - bring it on! Les meir på Empire Online.

Béla Tarr

Posta måndag 26. oktober 2009

Las om denne regissøren i Cinemateket (nr. 5/2009). Sátántangó på 7,5 time høyrest kanskje ut som galskap, men eg vart svært nyskjerrig på denne, og alle andre filmar han har laga.

Frå nettsidene til Norsk Filminstitutt:

Mange mener at Tarr er den viktigste arvtakeren etter russiske Andrej Tarkovskij; begge visjonære og høyst originale visuelle filmkunstnere med en forkjærlighet for lange tagninger. Men man bør ikke dra sammenligningen for langt - Béla Tarr er i aller høyeste grad et talent i seg selv, og et ganske usedvanlig sådan. Hans magnum opus Sátántangó fremkaller nærmest religiøse reaksjoner fra de som har sett den i sin helhet i en kinosal; ”Jeg ville være lykkelig om jeg kunne se den hvert år resten av livet mitt” (Susan Sonntag). “A masterpiece.” (J. Hoberman).

Søk etter tittelen på:

Dokfilm 2009

(1 kommentar) Posta måndag 27. april 2009

Her er kort omtale av filmane eg såg på Den norske dokumentarfilmfestivalen 2009 (du finn nærare omtale av filmane på den offisielle nettsida). Eg nyttar karaktersystemet frå stemmesetlane på festivalen, som er ein skala frå 1-5 (der 5 er beste karakter). Les resten av dette innlegget »

Interessante kortfilmar

Posta onsdag 22. april 2009

Shadow of the Colossus blir film?

(1 kommentar) Posta onsdag 8. april 2009

Sjeldan vert det gode filmar av populære spel, sjølv om historiene i mange spel ofte er mykje meir spanande enn alt oppgulpet som kjem frå Hollywood. Men dette kan faktisk (kanskje) love godt! Les resten av dette innlegget »

Kaze no tani no Naushika

(1 kommentar) Posta måndag 2. mars 2009

(ENG: Nausicaä of the Valley of the Wind)

Av Hayao Miyazaki (1984)

No har eg sett denne.
Karakter:
ok+ (4 stjerner).

Om filmhyllene

Posta sundag 1. mars 2009

Eg har skrive ei lita forklaring til korleis filmane er organisert i dei ulike “filmhyllene”. Du finn den her: Om filmhyllene.

Ny hylle

(6 kommentarar) Posta laurdag 28. februar 2009

Har oppretta ei ny hylle i samlinga mi, kalla “Top shelf”. Her legg filmane eg har gitt 5 stjerner seg, og er då altså mine favorittfilmar. Førebels ligg der 15 filmar. Er litt spent sjølv på kor mange som kjem til å hamne her …

Langt ifrå halvvegs, men …

Posta laurdag 28. februar 2009

… det nærmar seg. Ja, eg held på å leggje inn filmane i DVD-samlinga, så det vil ta si tid. Men sjekk gjerne ut “stoda” - 87 filmar er lagt inn så langt. Fleire kjem!

Vanskeleg…

(1 kommentar) Posta laurdag 28. februar 2009

Eg sit no og legg inn alle filmane eg har i samlinga mi, og freistar å rangere dei med ein gong. Det går greitt med dei fleste, men mange av filmane er såpass lenge sidan eg såg at eg er usikker. Badlands av Terrence Malick for eksempel - bør ikkje den få meir enn 3 stjerner? Tja, eg sit ikkje att med noko anna inntrykk enn at den var ok, men det er ganske lenge sidan eg såg den. Ved eit gjensyn får den kanskje 4 stjerner og hamnar såleis i kategorien ok+? Vi får sjå…